Søknad

Kven kan søke?

Alle som har ein kronisk, nevrologisk sjukdom,  bur på Sunnmøre eller i Romsdalen, sør for Romsdalsfjorden og har stram økonomi, kan søke om tilskot.

 

Kva kan det søkast tilskot til?

Det kan søkast om tilskot til hjelpemiddel og anna utstyr som ikkje vert dekt av det offentlege og til ferie, fritid og kulturaktivitetar.

 

Når kan det søkast?

Det er tre tildelingsrunder kvart år.   Søknadsfristane er:  1.februar,  1.mai og  1. september.  Det kan søkast berre ein gong kvart år.

 

 

Kva må søknaden innehalde:

Søknaden må vere skrifteleg og sendast som e-post eller  brev.  Den må innehalde oversikt over kva det vert søkt støtte til og kor mykje av totalkostnaden som  er tenkt dekt av støtta.  Legeattest som bekrefter diagnosa og siste likningsattest (eigen og event. ektefelle eller sambuar). Kontonr som eventuelt tilskot skal overførast til.

 

Søknaden skal sendast til:

Stiftelsen Nevrohjemmet i Ålesund

Postboks 38

6239 Sykkylven.          

 

Eller e-post: 

 

Spørsmål kan rettast til styreleder Svein Aure, tlf 92491842, e-post: